Dampskibsselskapet Sør-Askøy A/S og Rutelaget Askøy-Bergen A/S

Erling Virkesdal, museumslagets spesialist på rutetrafikk med båter og busser, har skrevet en artikkel, som også er publisert i Askøyværingen 2. januar, basert på at Dampskibsselskapet Søre Askøy A/S, et av foregangsselskapene til Rutelaget Askøy - Bergen A/S ble stiftet i 1924.

Hundre år sidan kimen til Rutelaget Askøy-Bergen A/S

Bakgrunnen for skiping av Rutelaget Askøy-Bergen A/S.

I 1860-åra byrja dampskipsdrivne båtar å trafikkere mellom Bergen og bygder i Bergensområdet. Askøybygdene Ask, Florvåg og Strusshamn var dei mest interessante for lokalskipsreiarar som ville tene pengar.

Heradskasserar i Askøy, Anton Jørgensen, saman med Ingebrigt Christiansen var initiativtakarane til å skipe Aktiedampskibsselskabet Topdal i 1898. Dei kjøpte dampbåten Topdal og sette han i rute m.a. til Strusshamn. Litt etter litt vart ruteområdet utvida til å omfatte bygdene Florvåg-Skotnes.

Jørgensen var ein smarting vil mange hevde. For å sikre at konkurrentar ikkje skulle trafikkere bygdene båtane hans trafikkerte, inngjekk han kontrakt med kaieigarane her og der. I kontraktane stod det at berre Topdalselskapet sine båtar hadde rett til å leggje til kai. Den første kontrakten av denne type vart inngått mellom Topdalselskapet og eigar av kaien i Kleppestø, Anders Rauboti, i 1898, som seinare bytte etternamn til Kleppestø.

Interessentselskap kjøpte kaien

I Kleppestø og Kleppe budde ca. 1600 menneske i 1920. Trafikken mellom Kleppestø og Bergen auka. Men rutesambandet vart ikkje betre av det - noko som skapte sterk misnøye og la grunnlaget for skiping av Interessentskapet Kleppestø dampskibskai i 1920. Interessentskapet kjøpte kaien til Anders Kleppestø.

Misnøyen tok ingen ende. Kvifor skulle passasjerane frå søre Askøy ha ståplass om bord i all slags vêr og vind? Salongane var fulle av menneske frå Hauglandsosen, Hetlevik og Follese når Topdal kom til Strusshamn, Skarholmen og Kleppestø. Dei misnøgde truga med å skipe eit eige ruteselskap dersom reisetilbodet ikkje var betre. Anton Jørgensen let seg ikkje skremme. Aksjonærane i selskapet med tilknyting til Askøy utgjorde berre 10 personar, dvs. 10 %. Dessutan hadde selskapet kontrakt om einerett til kaien i Kleppestø.

Kokte på Søre Askøy

Våren 1924 kokte det for alvor blant mange på Søre Askøy, spesielt i Kleppestø og på Kleppe. Eigarane av kaien i Kleppestø sette fram krav om at Dampskibsselskabet Topdal skulle betale fem øre i bryggjepengar for kvar selde billett. «Det kjem ikkje på tale», sa Jørgensen. «Det skal me no sjå på», sa kaieigarane og nekta Topdalsbåtane å leggje til kai i Kleppestø.

Styret i Interessentskapet, med Edvard Johan Bratli, Kleppestø, i spissen, kjøpte ein gammal dampbåt på Stord som heitte Rolf. 5. juni i 1924 vart båten sett i rute Strusshamn-Skarholmen-Kleppestø-Bergen med Paul Teigland, Strusshamn, som skipsførar.

Askøyværingane hadde gjort lensmann Jørgensen sine ord til skamme. Båt var kjøpt og eige dampskipsselskap skulle skipast.

Mange kunne dagpendle

Konstituerande generalforsamling vart halden 21. juni 1924.

70 personar betalte den kapitalen aksjeselskapet måtte ha. Dampskibsselskapet Sør-Askøy A/S vart skipa. Opphavet til Rutelaget Askøy-Bergen A/S var lagt. 40 % av aksjane høyrde heime i Kleppe krins. Resten høyrde heime i Strusshamn, Skarholmen og Bergen.

Sambandet med Bergen vart vesentleg betre etter at Rolf vart sett i rute. Fem gonger kvar dag gjekk båten til Bergen, bortsett frå søndagar. No kunne mange dagpendle til arbeidet sitt i byn.

Rolf var på langt nær så passasjervenleg som topdalsbåtane Topdal, Kvarven og Fløien. Dessutan tok dei vesentleg fleire passasjerar enn Rolf.

Sette ned prisane

Anton Jørgensen såg for seg ei stor, framtidig inntektskjelde i trafikken mellom Askøy og Bergen når vegnettet hadde knytt askøybygdene saman. Nykomlingen på søre Askøy måtte derfor knekkjast økonomisk.

Topdalselskapet sette ned prisane på rutene med knapt 30 %. Det svei hardt for det nyskipa askøyselskapet som fann å måtte redusere reisekostnaden tilsvarande. Det vart ein David-Goliat-kamp.

Anton Jørgensen vifta triumferande med kontrakten med Anders Kleppestø frå 1898. D/S Sør-Askøy sin advokat, Hans Sevaldsson, meinte det motsette.

Konkurransen utløyste sterke kjensler hos dei som støtta Topdalselskapet. Det gjorde han også og hos dei som støtta det nye askøyselskapet. Ingen ville kaste inn handkledet!

Rettssak

Det gjekk mot rettssak. Underretten gav Jørgensen rett i 1927.

Interessentskapet Kleppestø dampskibskai anka avgjerda. I 1929 vart saka drøfta i Overretten som kom til same resultat som Underretten. Topdalselskapet hadde rett å trafikkere Kleppestø så lenge det eksisterte. Askøyværingane hadde tapt i to slag. Rettsprosessen kosta meir enn han smaka for aksjonærane i det håpefulle nyskipa askøyselskapet. Dei var på gli for å innleie drøftingar med motparten.

Brørne Arne Johannessen og Alfred Bruvik dreiv Arne Johannessens Shoddyfabrik i Strusshamn. Verksemda var nøydd til å ha eit godt rutesamband med Bergen for å frakte råstoff til Strusshamn og sjoddi til Bergen for vidaretransport både til inn- og utland. Fabrikken i Strusshamn tente gode pengar og eigarane sa seg villige til å betale for å få prøvd saka i Høgsterett.

Interessentskapet leigde advokat Magne Schjødt i Oslo til å føre saka i den siste rettsinstansen - Høgsterett.

27. oktober 1931 slo Høgsterett fast, med fem mot to stemmer: Dampskibsselskabet Topdal A/s kjennes uberettiget til at trafikere Interessentskapet Kleppestø dampskibskais brygge i Kleppestø i henhold til «erklæring» av 23. august 1898, hvorhos denne erklæring i forhold til innstevnte kan avlyses og slettes av pantebøkerne. Saksomkostninger tilkjennes ikke».

Fleire ruteselskap

No rådde Sør-Askøy Dampskibsselskap grunnen åleine og kunne planleggje for framtida.

Bilen vart ein del av trafikkmønsteret på søre Askøy i 1920-åra med Peder Haugland i spissen og i samarbeid Topdalselskapet.

Peder Haugland starta bilrute Kleppestø-Davanger i 1928.

Tap av Kleppestø kai i 1931 gjorde at D/S Topdal trekte seg ut av rutebiltrafikk på Askøy. I To år deretter vart Askøy Billag registrert som aksjeselskap av syskena Peder Haugland, Salamon Haugland og Sara Kleppestø. Billaget fekk konsesjon på passasjertrafikken Kleppestø-Davanger og Kleppestø-Hetlevik.

Fleire ruteselskap trafikkerte Askøy fram til 1964. Arbeidet med å etablere eitt ruteselskap på øya gjekk parallelt med bygging av veg til alle bygdene. Alt låg til rette for at berre eitt av dei mange ruteselskapa skulle få konsesjon på rutetrafikken mellom Askøy og Bergen.

Dampskibsselskabet Topdal hadde tapt kampen om Kleppestø og skjønte at selskapet si tid på Askøy var ute.

I 1943 skifta det namn til Rutelaget Bergen-Vest A/S og trafikkerte m.a. bygdene Skarholmen-Hetlevik til vegen mellom Skarholmen og Kleppestø vart opna i 1949. Då overtok bil og buss.

Sommaren 1950 innstilte Rutelaget Bergen-Vest sin 52 år lange trafikk til Askøy.

19. oktober 1950 møtte aksjonærane i D/S Sør-Askøy til møte for andre gang dette året. Møtet vart halde i Norrønaheimen i Strusshamn.

Aksjekapitalen vart auka og Dampskibsselskapet Sør-Askøy A/s forandra namn til Rutelaget Askøy-Bergen A/S.

Skulle vere Kleppestø

Rutelaget A-B hadde to konkurrentar, Askøy Bilferjeselskap, som trafikkerte mellom Florvåg og Bergen, og Askøy Dampskibsselskap, som trafikkerte Sæterstøl-Erdal-Bergen.

Desse ville ikkje slåast saman med Rutelaget. Dei hadde ofra mykje tid og pengar på å byggje opp dei to selskapa og fann det dyrare og meir tungvindt for passasjerane å setje seg på bussen for å køyre til Kleppestø og ta ferje til Bergen derifrå. Byreisa ville ta lenger tid var også eit argument.

Men samferdselspolitikken, både på statleg og lokalt nivå, gjekk ut på å redusere driftsutgifter, reisekostnader og usunn konkurranse.

I 1951 følgde Hordaland fylkesting opp vedtaket i Askøy kommunestyre og Samferdselsnemnda i Bergen og Hordaland: Innfallsporten sjøvegen til Askøy skulle vere Kleppestø.

Kven skulle koste ei dyr utbygging av ferjeleie her? Med 12 mot 12 røyster vedtok heradsstyret i 1953 at det skulle Askøy gjere. Ordføraren si dobbeltrøyst avgjorde det. Vedtaket kravde 2/3 fleirtal og måtte derfor opp til ny handsaming. Med 12 mot 11 røyster vart det ståande. Vedtaket vart klaga inn for Kongen, men Samferdselsdepartementet avviste klagen. Arbeidet med ferjekaien både i Kleppestø og Nøstet i Bergen starta våren 1954.

Skipsbyggeriet Mjellem & Karlsen, Bergen, fekk oppdraget med å byggje den første ferja til Rutelaget A-B. 8. januar 1955 vart nyeferja sjøsett. Birgitte Waagen fekk æra av å vere gudmor til den første kombinerte bil- og passasjerferja mellom Kleppestø og Bergen. Ho var kona til formannen i Rutelaget, Sigvald Waagen. Ferja fekk namnet Kleppestø.

Neste dag, 18. mai 1955, innleidde den nye ferja ein ny epoke i ferjesambandet mellom Askøy og Bergen. Store og lyse salongar gav plass til 270 passasjerar på hovuddekket. På shelterdekket var det plass til 22 personbilar.

Erling Virkesdal