Medlemsmøte onsdag 9.oktober

Styret har lenge prøvd å få til eit medlemsmøte i oktober, men det har vore vanskeleg å få tak i foredragshaldar/kåsør.

No har vi i staden tenkt å ha eit ordinært medlemsmøte i Møllesalen onsdag 9.oktober kl. 11. Det er då tenkt som eit møte der vi trakterer med kaffe og kringle/lefser, og elles blir programmet at vi held utstillingssamlingane opne, vi ser litt på dei nye nettsidene til museumslaget og tar imot idear og kommentarar. Og sidan vi no har fått digitalisert mange av bileta som Magne Skeie og Erling Brekke tok rundt på Askøy på 50- og 60-talet, vil vi presentere ein del av dei. Likeeins vil vi drøfte ting som vi i styret arbeider med, og tankar om den vidare drifta av laget og museumssamlingane.

Vi håpar at mange har høve til å møte opp.

Elles har vi planar om å ha eit førjulsmedlemsmøte 1.desember om kvelden. No har vi fått avtalt med Dag Lindebjerg at han kan vere med oss på dette møtet og bidra med eit kåseri eller foredrag. Vi gler oss!

Elles går arbeidet med Askøykalenderen 2014 sin gong, Askøy museumslag vil delta på Kulturmønstringa på Ravnanger i november, og vi er godt i gong med arbeidet med å lage ei større fotoutstilling der temaet er «Askøy frå slutten av 50-åra og ut i 60-åra». basert på Widerøes skråfoto, samt bilete frå Skeie/Brekke-samlinga og andre bilete frå denne tida som Askøy museumslag disponerer. Men her treng vi hjelp om nokon er interessert i å bidra med idear og arbeid.

Helsing styret
v/leiar Harry Rosvold